Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 7 av 7 sitater

IDYLL

Pukkelen har eg
for at ingen
skal klappe meg
på ryggen,
seier kamelen til fuglen
som plukkar lopper just der.
Fuglen som går der nikkar
som om den forstår.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

TOTALT

Kom og ver kvinne
både mot deg
og mot meg,
og eg skal vere
alt
det andre
mot ingen andre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

EIT SVAR

Kva
det er dei velsigna
hendene mine leitar
eller over alt
på kroppen din.

Fordi dei begge
er velsigna
vil dei velsigne
heile deg.
Men det er meg
dei leitar etter.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I TRADISJONEN

Kroppen vaknar sakte
og finn seg sjølv igjen
og attmed seg finn kroppen min
din kropp
og elskar den.
Like stilt som søvnen
i kroppen din
elskar kroppen min den.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

(Forgjeves) Det minst naturlege og det mest uvitskaplege ordet som finst. Ingenting er forgjeves av det som skjer eller blir gjort. Forgjeves dekker ingen realitet utanfor seg sjølv. Det høyrer heime mellom alle humane ord som det snakkande menneske brukar når det snakkar med seg sjølv om seg sjølv. Saman med humane ord som dumt og klokt. Å seie at tunga talar klokt er som å seie at håret veks klokt. Eller at munnen tygg dumt og neglene veks dumt. Veks neglene forgjeves? Ikkje meir enn sola skin forgjeves. Det er humant å snakke slik. Men berre humant. Sola og neglene oppnår det same som det snakkande mennesket. Ingenting meir, for å seie det humant.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

TIL SJØEN

Vesle tone så ivrig
på veg forbi meg,
kvar skal du nå?
Eg ser deg ikkje,
men høyrer du kjem
frå ein gul
trompet.
Er du på veg bort for å sjå
om du kan leggje utpå i dag,
så la deg ikkje hefte av meg.
Eg skal berre sjå etter
at min båt ligg vel fortøydd.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

LØKSONG

Tenk som ein løk.
Lukt som ein løk.
Fres som ein løk.
Smelt som ein løk.
Smak som ein løk.
Heilaggjer dine krumme lag som ein løk.
Ein som har alt og kan unnvere alt.
Slik som her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Helena EDaffy EnglundLeseberta_23Elin Fjellheimingar hTove Obrestad WøienMarianneNLesevimsaJulie StensethBeathe SolbergTone Maria JonassenTone HHanne Kvernmo RyeLinda NyrudEvaBjørg  FrøysaaKirsten LundDemeterReidun Anette AugustinVibekeHarald KVannflaskeConnieStig TAmanda AChristin SillibakkenCecilieAgnete M. HafskjoldIngeborg GBenedikteAnniken RøilAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandLailaMads Leonard HolvikPiippokattaBjørg RistvedtSynnøve H HoelAne