Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
"- Du har ikkje berre endra deg. Du har gått i eksil i ei anna. Du høyrer ikkje til deg sjølv lenger. Ho er heilt roleg. - Nei, du misforstår, eg høyrer heime i Sonja ... Andreas sin kjærleik omskaper meg. Eg gjer det han gjerne vil ha meg til å gjere. Eg ser det ikkje som ei avgrensing, men som ei utviding. Ei moglegheit. Hans glede er mi. Kvar ideane hans kjem frå, spør eg meg ikkje om, men eg trivst med å følgje han. Det er mitt eige val. Eg høyrer heime i Sonja og tilhøyrer derfor Andreas."
Me snakka om den forferdelige augneblinken då det går opp for ein at eit liv er for kort til at ein rekke å lese alle dei bøkene ein gjerne vil. Sophia lo og sa at ho aldri kunne bli sjøvlmordar, det var alltid ei bok ho måtte lese ferdig.
Kvinne kunne ha vore dottera hans, ho var omtrent på min alder. Ho heldt ikkje handa som om han var kjærasten hennar, ikkje moderleg heller, men med ei varsemd eg undra meg over. Eg har visst ikkje halde handa til ein mann på den måten... Kva slags relasjon hadde dei? Det sat eg og funderte på, i staden for å lese om korleis ein heil by bagatelliserer eit pestutbrot som om det ikkje var meir enn nokre tilfeldige dødsfall.