Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 8 av 8 sitater

Den beste hjelpi mot dårleg litteratur er den gode.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Barnet si framferd har mykje å segja. Det må soleis læra å gå lett og pent. Det tek seg ikkje godt ut når ein 10-12 år gamall gut kjem upp troppi med stig so tunge som um det var ein hest eller ein elefant. Guten skal gå lett og ledugt, so ein kan høyra på stegi at no kjem ein liten gut ruslande som verkeleg har lært å gå pent.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vil du gjera barnet ditt rikt skal du læra det å leggja merke til alt som er fagert og godt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Å fremja den gode viljen er eit hovudfyremål for barneoppsedingi.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein kan ikkje stogga framgangen. Tidarhjulet må gå sin gang. Men ein skal heller ikkje gå med attlatne augo so ein ikkje ser korleis verdiar går til spille.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Borni lyder på ordskifte um politikk i heimen og vert påverka av dette. Fyrr dei er i stand til å tenkja sjølvstendigt, vil dei helst få berre uklåre fyrestellingar um alt som heiter politikk og samfundsspursmål. Slikt er til skade for borni som skulde vera sparde for alt som heiter politisk påverknad.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Heimen skal gjeva barnet gode minne som er lysande stjernor på livsvegen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Barnet som fær ein god ættararv med seg frå barndomsheimen og vyrder denne arven, er eit rikt menneske.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg L.Hilde H HelsethAvaAgnesrubbelPiippokattaToveMarianne AugustaDemeterHeidi BBMarit HåverstadAud Merete RambølKirsten LundG LNorahRagnar TømmerstøSiri S.Astrid Terese Bjorland SkjeggerudMonica CarlsenTorill RevheimVidar RingstrømMonaBLEli HagelundAnne Berit GrønbechDaffy EnglundHilde MjelvaJane Foss HaugenSigrid Blytt TøsdalEivind  VaksvikTanteMamieLilleviMathildeTurid KjendlieAnniken RøilTor-Arne JensenTone HRonnyPär J ThorssonmarvikkisCatrine Olsen Arnesen