Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 16 sitater

For det er slik det er. For tida skil dei som har kvarandre kjær, og ingenting skal vare.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg var himmelfallen, eg som alle andre. Eg fann ikkje ord. Ho hadde aldri klaga, aldri delt den minste uro med meg og hadde just bore til verden ein nydeleg liten gut nummer to. Ho var både elska og godt likt. Ho hadde alt, som de seier. Dei som ikke veit betre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

«Vi sette oss i bilen utan at ord vart veksla.
Carine tok ein spritluktande våtserviett ut av
beautyboksen for å desinfisere hendene sine.
Carine må alltid desinfisere hendene sine når
ho har vore der det er folk.
Av hygieniske årsaker.
For Carine, ho ser bakteriane.
Ho ser dei små hårete beina deira og den
fæle kjeften.
Det er forresten derfor ho aldri tar metroen.
Ho tar ikkje tog heller. Greier ikkje å la vere å
tenkje på dei folka som har hatt fotene på setet
og klint busemenn under armlenet.
Ho nektar ungane å setje seg på ein benk
eller å komme borti eit trappegelender. Ho har
problem med å ta dei med på leikeplassen. Ho
har problem med å setje dei på ei sklie. Ho har
problem med bretta på McDonald's, og ho har
store problem med bytinga av Pokemon-kort.»

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ikkje fordi vi er like, tvert imot... Ho er redd skuggen sin, mens eg set meg på min. Ho skriv av sonetter, eg lastar ned samplingar. Ho beundrar kunstmalarar, eg har meir sans for fotografar. Ho seier aldri det ho har på hjertet, eg seier alt rett ut. Ho skyr konfliktar, eg liker at ting er på bordet. Ho likar å vere "litt susete", eg drikk når eg drikk. Ho liker ikkje å gå ut, eg liker ikkje å gå heim.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

For Carine er det å leve ei skikkeleg utmattande øving.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Resten av turen veksla vi ikkje eit steinsens ord. Sat vi og spola filmen tilbake og tenkte på morgondagen.
Slutt på friminuttet. Klokka skulle straks ringje inn.
Og to og ro i rekkje.
Kan eg få be om stillheit her.
Stilt, sa eg!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det som vi henta her, og det visste vi alle fire, var litt ekstra påfyll. Kall det utsetjing, parentes, nådestund, tjuvperm. Nokre timar vi stal oss unna, nokre timar vi stal ... frå dei andre ...
Kor lenge enno ville vi ha energi til å rive oss laus frå kvardagen og berre stikke på tur? Kor mange luftepausar skulle livet enno gi oss? Og nasestyvarar? Og ekstra kakestykke? Og når kom vi til å miste kvarandre, og korleis skulle det gå føre seg når banda brast?

Kor mange år hadde vi att før vi vart gamle?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Korfor er vi sånn, alle vi fire? Korfor lar vi oss imponere av dei som roper høgare enn alle andre? Korfor blir vi alltid slått ut av aggressive folk?
Kva er det som er feil med oss? Kor er det punktet der høfleg åtferd går over i viljeløyse?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Resten av turen veksla vi ikkje eit steinsens ord. Sat vi og spola filmen tilbake og tenkte på morgondagen. Slutt på friminuttet. Klokka skulle straks ringje inn. Og to og ro i rekkje. Kan eg få be om stillheit her. Stilt, sa eg!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg stilte meg framfor ein kaffiautomat. Det tok eit halvt minutt, minst, før det gjekk opp for meg at eg kunne ta begeret. Eg drakk kaffien utan sukker og utan tiltru. Måtte ha bomma på knappane. Smakte ikkje denne capuccinoen litt tomat?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MBjørg Marit TinholtJarmo LarsenEllen E. MartolMonica CarlsenBjørg L.