Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Å skulda Garborg for å vere antikapitalist er som å skulda Kåre Willoch for å vera antikapitalist fordi han kritiserer grådigheit og korrupsjon hos kapitalistane.
(Rolf Erik Solheim)
Og til sjuande og sist er det det språklege som er viktig i eit essay, tonen i det, sidan lesaren ikkje eigentleg skal lære noko, men ha ei litterær oppleving, omtrent som det skulle gjelde ein roman.
(Ragnar Hovland)
Essayet har som kjent det til felles med skjønnlitteraturen i eigentleg forstand at det blir rekna som ein subjektiv, ein personleg sjanger. Ein gjer som far Montaigne, luntar litt rundt på eselet sitt, observerer og funderer, lar tankane gjere dei sprang dei vil, og veit ikkje heilt kor ein endar opp. Ein på sett og vis ansvarslaus sjanger.
(Ragnar Hovland)