Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Parkinson hadde gjort ein djuptgåande teoretisk studie av korleis departement, embetsverk og liknande organisasjoner voks. Han prova at dei offisielle oppgåvene til eit embetsverk som regel er av underordna verd for verket. Det viktige målet var at verket voks, fordi det auka sjansane til å avansere for dei som arbeidde der. Di mindre dei eigentlege oppgåvene var, di større arbeid kunne leggjast i utvidinga og di fortare voks organisasjonen.
Vi veit no at dette problemet var for stort til at menneskehjernen kunne meistre det. Mennesket har utan tvil hatt mange gode sider, men organisatoriske problem har det aldri forstått seg på. I og med at datane kom, byrja så den internasjonale situasjonen å lysne så smått...