Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 1 av 1 sitater

Kjære mor, kan du støvsuga litt

Det er krig og drit,
krangling og fa’n,
i verda og på det personlege plan.

Det er skyting og valdtekt,
blod og drap,
dolking i ryggen og berre tap.

Det er skit i verda me lyt bli kvitt.
Kjære mor, kan du støvsuga litt?

Det renn stygge ord
frå kjeften min,
som iltert fossar frå iltert sinn.

Det var fryktelege ting,
det er nett sa,
eg høyrde sjølv, det var langt ifrå bra.

Eg har tunge tankar eg lyt bli kvitt.
Kjære mor, kan du støvsuga litt?

No sit eg i rommet,
eg og ho,
eg har tunge tankar, eg finn ikkje ro.

Eg får ikkje pusta,
sjølv om eg vil,
så kjære mor, hjelp no til.

Eg har møtt eit vesen
eg lyt bli kvitt,
flytt deg, mor, la meg støvsuga litt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Berit B LieOlemgePiippokattaWencheAnne-Stine Ruud HusevågDressmyshelfEllen E. MartolRisRosOgKlagingMarit HåverstadLisbeth Marie UvaagReidun Anette AugustinHarald KBeathe SolbergAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBjørn SturødTheaAnn ChristinPilarisKjerstiVigdis VoldCathrine PedersenTanteMamieSolveigTove Obrestad WøienAvaAnne Berit GrønbechMarianne  SkageGrete AastorpMartinMorten BolstadJan-Olav SelforsHeidiIngeborg GLeseaaseTonje SivertsenJakob SæthreGro-Anita RoenKirsten LundStig THanne Kvernmo Rye