Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

Er det utidig å sitje einsam ved dette bordet?

Eg trøytnar under verdas nærvær.

Mylderet av stemmer
som inntek hjartet
og dunkar klaffane mot kvarandre.
Som om det avsindige er noko å applaudere.

Verst er det om kvelden. Når det er havet eg vil være
og menneska dreg ut med båtane.

Terje Tørrisplass

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Så går eg i grønsværet att

I dag vil eg ikkje skape meg til
for nokon.

Berre svive rundt her

med ei barnål mellom tennene.
Utforske eit oreblad.
Klyve opp bregnestengelen.

Ikkje nøle
om det sveiar ørlite.

Terje Tørrisplass

Godt sagt! (4) Varsle Svar

STØRRE ENN HIMMELEN

Far?

Er du der, far?

Ei rogn veks opp innom staga
på snøplogen din.

Kunne du svinge innom i tida
ved høve

så me fekk snakka om det.

Det er ingen andre enn oss
i dette biletet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

UT AV MORS ARMAR

Når mor snakkar om døden
teier ho.

Slik lærer ho meg nesten alt om døden
og endå meir om det å miste.

Nokon spør kva eg meiner med
nesten alt og endå meir.

Mors lutrygga kast over vollane
er nesten alt.

Og endå meir er barnet
ho ber med seg

som eit hòl
i språket.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

EI SLEKTSKRØNIKE

Eg skriv sjølvstendige setningar
for å berge meg gjennom generasjonane.

Eg skriv meg ein grusveg gjennom kosmos.
Der nye slekstsledd kan gå i orda
til ein anonym.
Spørje seg kven han var
som planta sæden sin
i jordskuggen

og lét linjene langs vegskulderen streife
ein fars kjærleik.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Dolly DuckPiippokattaAkima MontgomeryMonica CarlsenLilleviHarald AndersenCecilie69Sigrid NygaardRonnySigmundAvaJoannLinnKirsten LundMonica  SkybakmoenMorten JensenEivind  VaksvikLailaHelen SkogTrude JensenSolveigReidun SvensliIngunn SReadninggirl30Torill RevheimFindusHeidiHilde Merete GjessingEmil ChristiansenTine SundalKari ElisabethAnniken RøilIngvild SAnne-Stine Ruud HusevågOle Jacob OddenesFride LindsethMarit HøvdeG LskognymfenEllen E. Martol