Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 4 av 4 sitater

Det snur nok, ein morgon vaknar du
Og veit at det har snudd
Lyset er større og annleis, mørket er varmt og trygt
Tankane gjer ein høgare sving, stig som lerker om våren
Som måkar i frisk vestavind, det snur nok
Dei ulesne bøkene plagar deg ikkje lenger,
Du tilgjev deg sjølv store delar av dine ugjorte gjerningar
Og det neste blir at du tilgjev andre også.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Når hausten går i unnabakke, når den eine
natta nappa den andre i frakken, og soltimen
listar seg forbi

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Når eg møtte far på sjukeheimen, var det som den faren eg alltid hadde kjent. Sjølvsagt hadde eg ulike bilete av han i ulike tider; barndommens trygge tillit, ungdommens opposisjon, vaksenlivets refleksjon av kva ein vil overta, og kva ein vil revidera i farsarven, og i hans aldersom: ei veksande forståing av at vår generasjon no måtte ta oss av han, og ikkje han av oss. Det siste slår merkeleg seint inn hos vaksne menneske; vi held fram med å vera born som ventar omsorg, sjølv når foreldra er både velvaksne og gamle, og det tok meg lang tid å sjå at styrkeforholdet hadde endra seg.No var det han som trong oss, meir enn omvendt. Det er noko tregt i menneskelege relasjonar, vi held heile tida fast ved fortida.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Reklamen viser fram pensjonistar som klatrar til topps i Jotunheimen eller dreg på sjekketur til Solkysten, går på diskotek og oppfører seg så likt dagens tenåringar som det går an. Dei verkeleg gamle og svake er ofte utanfor synsfeltet, med unnatak av nokre melodramtiske reportasjar om kor skrekkeleg dei har det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaHarald KKirsten LundLene AndresenHeleneErlend Rødal VikhagenRisRosOgKlagingWilliam BillisonMonaBLBeate KristinBente NogvaEivind  VaksvikTone HDemeterTrude OmaToveDolly DuckAvaRandiAElisabeth SveeJoannHilde H HelsethStine SevilhaugKathinka HoldenTove Obrestad WøienJarmo LarsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseIngunn ØvrebøHilde Merete GjessingritaolineElin FjellheimRufsetufsaTonesen81Synnøve H HoelMarteSverreReadninggirl30FredrikIngunn S