Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

Det kongelige norske arbeiderparti har promotert skulen som ein veg til sjanselikheit og det klasselause samfunnet. Det er deira utdanningsutopi. Eg skal fortelle deg kva som er det verkelege innhaldet i denne utopien. Det verkelege innhaldet i denne utopien er at talentfulle og intelligente arbeiderungar som du sjøl kjem til å svikta arbeiderklassen og det arbeidande folket til fordel for individuelle karrierar og individuell vinning. Skulen kjem til å kolonialisera og omsosialisera arbeidertalenta til impotente og mislykka etterplaprarar av middelklasseideologi. Det er skolens viktigaste bidrag.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I dag blir fleire og fleire av ungane haldne i avhengigheit og maktesløse til dei er nærmare tredve år gamle. Mange bur hjemme hos foreldra sine. Dei tærer på mor og fars tolmodigheit som gjøkungar som er blitt flygedyktige for lenge sidan, men som nektar å flyga og klara seg på eigne venger. Dei har det for bekvemt heime. Det blir ikkje stilt verkelege krav til dei. Verken heime eller på universiteta og høgskulane der dei tilbringar tida si. Dei trur dei lærer noe viktig. Men det dei lærer er ideologi som ikkje har noe å tilføre det verkelege livet som er arbeidslivet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Alt var utan fargar, og han kraup fram frå det grå bordet, langs den grå sofaen, og over det grå golvteppet mot den grå gangdøra. I gangen fant han dei grå skorne sine, den grå dongerijakka, den gråstripete hua og dei grå polvottane med den grå refleksstripa skrått over. Og til sist det gråspragla lange skjerfet som han surra to gonger om halsen, og som likevel stakk ut under den korte grå dongerijakka og dekka det grå skrittet hans. Han kava mot den grå utgangsdøra, pressa den grå dørtrykkerten, og kom seg ut blant dei grå husa på Egne Hjem. Mens han sjangla innover i den grå snøen, blei han forbikjørt av ei rekke grå bilar. Framfor seg skimta han dei grå lysa frå smelteverket. Han visste at han var fortapt. Han ville aldri meir koma til å kunne reisa seg. Han var Lost in Legoland. Og det var berre ein ting han ville. Han ville døy.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

LeseaaseEllen E. MartolTonje SivertsenJakob SæthreGro-Anita RoenKirsten LundAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne Berit GrønbechStig THarald KHanne Kvernmo RyeAndreas HesselbergToveBjørn SturødCathrine PedersenLogikaPiippokattaKaramasov11Agnete M. HafskjoldAkima MontgomeryTine SundalalpakkaAnniken LHeidi BHilde VrangsagenBeathe SolbergAnn ChristinSilje-Vera Wiik ValeHilde H HelsethBente NogvaKari FredriksenFindusHanne Cathrine AasMonica CarlsenSynnøve H HoelSiriLars Johann MiljeHildaDaffy Englundmge