Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Jo, i Molde var dei ikkje redde for å setje meiningane sine på trykk! Når han og mora diskuterte politikk, levde dei liksom i undring og spekulerte fram og tilbake på kva som var rett, men leiarskribenten i Budstikka vakla aldri. Verdspolitikken si ytre grense gjekk ein stad ved avisredaksjonen i Myrabakken. Dei som budde utanfor var informerte, men ikkje spurde om kva dei meinte.
På kvinnesida var det mest kjerringar med skjerande mål. Men mellom kvinnene og dei sat ein mann med ei vorte på nasen. Han forstod det måtte vere Djevelen. For det var i Vågøy kyrkje han lærte djevelen å kjenne. Han hadde ikkje høyrt om den karen før han kom dit.
Same kor mykje du prøver å lata som ingenting, visest det utanpå korleis du har det.
"Gud velsign vort hjem", står det brodert i ei ramme. For ein forferdeleg ting å ha i eit hus der døden herjar og odelsguten lyg.
I kvar tilfeldig og likeglad ordveksling finst nesten alltid ei hemmeleg meining.
Han kunne ikkje sjå ein laus gjenstand utan å falle i tankar om kva gale den kunne brukast til. Ein gammal omnsring slengde han opp i lufta med den følgje at ringen skjente av garde, og gjekk rett inn gjennom kjøkkenvindauga i Bakken, der mora stod himmelfallen og berre fekk fram at "kvifor i all verda gjorde du det ?" - "De treng vel luft her i garden og !", sa han Harald. Da lo mora, og han Harald fekk ikkje kjeft fordi han knuste ruter, men fordi han laga gode historier.
For han forstod at det var verda han var komen til med det same han slo auga opp. Han ante rett nok ikkje kva han skulle der. Han mintest at jordmora kom med eit forskrekka rop da ho hadde vaska han og la han fra seg på bordet for å reive han: "Hjelpe og trøste: Eg trur han ser på meg !"