Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 1 av 1 sitater

Du var still den siste kvelden vår, kvart dyrekjøpt minutt

til du braut opp seint på natt og gav oss handa.

Ikkje song du dine viser, ikkje rørde du din lutt.

Tru du visste då du sat der at din landlov snart var slutt

og at skuta låg og venta ned ved stranda?.

Vi sku fulgt deg om vi visste, vore med og kasta loss,

sett deg smile, som så ofte, gjennom tårer.

Vi sku sunge deg ei vise som ei helsing i frå oss:

om det underfulle hjarta, om eit anker og ein kross

og om havsens dei miskunnelege bårer.

Men du kjende vel kanhende det var einsemd som du trong

i den stund du høyrde skipsklokka kalle?.

Kan du høyre der du siglar at vi nynner deg ein song?.

Du må helse vesle Daniel og Lasse og May Wong

og ditt hav som ligg og ventar på oss alle.

Hartvig Kiran (til minne om Jakob Sande)
Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

VannflaskeTine SundalmarvikkisAlice NordliLilleviMorten MüllerKirsten LundTove Obrestad WøienStig TNeraMonaBLAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHarald KEvaRisRosOgKlagingJane Foss HaugenAnne-Stine Ruud HusevågBård StøreBjørn SturødAlexandra Maria Gressum-KemppiKaramasov11Vigdis VoldKareteRonnyTanteMamieYvonne JohannesenNora FjelliDemeterAneEllen E. MartolIngeborg GPiippokattaEivind  VaksvikAvaMonica CarlsenElisabeth SveeBeathe SolbergMarit HåverstadTonesen81Hilde H Helseth