Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 20 sitater

Vi er treblåsarar, lokka av ting vi ikkje står imot. Det er naki og nytt overalt. Eit berg står i rennande vatn. Det står som ei still lyft øks ut i lufta og kløyver tidene for oss, så vi kan nå fort nok fram. Vi er venta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lovnaden var eit strengt feste, hardt, men til å stå på. Når det er borte, veit ein ikkje plassen sin. Når det luktar rart i vår-kveldinga veit ein aller minst.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det sterke mars-solskinet stod rett på henne, så ho var innkransa av glim og lys. Alle slags lysande skråstrek og bjelkar, underlege roser, isroser og is-stas. Prydd som til den største fest.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fuglen skar dei øyde viddene opp i strimlar og spiralar, og var døden. Levde det likevel nokon nede mellom buskane eller trea, så gjekk det eit lyn frå auget og ei skråstripe skar ned. Etterpå var her endå færre liv.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det stengde is-slottet har liv. Dei har sjølve lånt det livet. Lys og liv til den døde isblokken, og til den stumme tida etter midnatt. Før dei kom, stod fossen og dura trøysteslaust i blinde, og iskolossen var berre den ferdige stumme døden.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vintersola hadde omsider komi så høgt at ho slapp ned til is-palasset. Den seine, kalde sola hadde likevel mykje av si kraft. Strålane gjekk gjennom tjukke isvegger og vinklar og brester, og braut lyset i underfulle mønster og fargar, så det trøysteslause romet dansa. Istappane ned frå taket og dei som vaks oppover ifrå golvet, og sjølve dropane og alt dansa med i dette lyshavet som braut inn. Medan dropane glimta og storkna og glimta og storkna, og gjorde for kvar gong det vesle romet ein drope mindre. Det skulle fyllast.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ho var midt i ein forsteina skog. Is-skog. Vatnet som hadde sprute her ei tid, hadde laga stammer og greiner av is, og små-tre stakk opp or botnen mellom dei større. Her var óg ting som ikkje kunne kallast anten det eine eller det andre - men det høyrde til på ein slik stad, og ein fekk ta alt som høyre til.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var eit trolldoms-slott. Her måtte ein prøve å koma inn såsant der fanst inngang! Der var sikkert fullt av rare gangar og portar - og inn der måtte ein.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dei raude putande leppene dine, nei det er mine, så likt, så likt! Håret på same måten, og glimt og strålar. Det er oss! Vi kan ikkje gjera noko med det, det er som frå ei anna verd. Biletet byrjar å svive, flyt ut til kantane, samlar seg, nei samlar seg ikkje. Det er ein munn som smiler. Ein munn frå ei anna verd. Nei det er ikkje noko smil, det er noko ingen veit - det er berre oppspana augevipper over glimt og strålar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Stjerner, men ingen måne, og ingen snø til å å laga lysskimmer - så mørkret vart tett, trass i stjernene. På sidene var det dødsstill skog - med alt som måtte leva og fryse der inne i denne stund.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Berit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnie