Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
natta er klar og kald
månen flyt sovande
på vatnet
fullmånen
ei einaste kule
av bleik kulde
månen teiknar
eit grantre mot blå himmel
i kveld
ei einsleg kvinne
eit tomt vindauga
og regnet som fell
haustvinden er her
oppe i fjellet
frys skuggane
menneske må skiljast
men månen er alltid
her
eg reiser
du blir
min haust din haust
alle lys er sløkte
gjennom mørkret
talar hausten
hausthimmelen
så klar
at eg kan spegle meg
i haust og måneskin
går vi saman heim
eg og skuggen min