Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 7 av 7 sitater

De er dessertgenerasjonen, mine damer og herrar, som aldri har gjort anna enn å opna munnen svelgja ned.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dei har murt seg inne, men mellom dei elektroniske sprekkene i muren fossar nyhetsstraumen og reklamen og kjøpepresset over dei. Medan andre folk er lukka trygt og effektivt ute, strålar ledningane og linjene frå dei fjerne økonomiske maktsentra inn i eneboligen til Styrkår Bruhøl.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Frå eg var barn har eg heile tida venta på at ein dag skulle samanhengane i verda gå brått og fullkomme opp for meg, om lag som ei rullegardin med stram fjør, og sanninga strøyma over meg med slik klårleik og velde at ho skar meg i augene, lik lyset utanfrå ein klar vintermorgon med snø her oppe i det høge nord.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Der er i desse stroka av Norge at ingenting ennå til denne tid er kasta.


(Om landsbygda i Øvre Telemark)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

... det er vel ikkje sikkert at det beste i mennesket har full muskelkontroll over tunga

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det er vestlandsk bøyevêr, utan opphald mellom bøyene, best som det regna så kom det ei bøye.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

... for kvar bit av kremens søte og milde lovnadar om kvite engleskyer og kjerubar over Sarons enger og Sions lilje og deilige kvite barmar oppe i himmelens borg der Jesusfyrsten innvier alle i kjærleikens vederkvegelser, for kvar ny søt og mektig munnfull av hans kvite kjøtt blir Hjalmar og Hulda og alle dei som er bedne som gjester, for ikkje å snakke om Hertingen, sende tilbake til den syndige svarte jorda og vel så det av kaffiens krutsterke og brennande gloheite truslar om helvetes heitaste og mest infernalske plager.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt Tøsdal