Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

Ein stor tung skapning låg i vegen hans: Sneglen var ute, låg som ein liten kulle i lendet, glinsande av feitt i det mjuke graset. Hadde venlege auga på stylker, og huset på
ryggen.
Mauren gjekk bort og sette kjakane kav i flesket. Det smakte. Men dei venlege snegleaugo kvarv i ein fart. Heile fløtekroppen byrja dra seg ihop og presse seg inn i huset. Mauren hadde fullt bit og slepte nok ikkje. Han berre grov saksa si djupare, og han vart rett og slett klemt inn i sneglekroppen i den vide husdøra. Der vart kvævende trongt og umogeleg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Han er sju gangar naken, han som ligg her att etter henne. Om henne sjølv er det heilt stilt. Ho er berre ikkje her. Men børa ho bar, er att i landet.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ho var komen så nær Vik at ho såg hustaka over bjørkene. Då gret det så syndleg like framfor henne mellom to tuver. Ho gjekk utan vidare borttil. Og såg at det var vesleguten på Vik som låg der. Han låg på magen og snykta ned i armane sine. Over buksebaken hans svirra ein flokk slike svarte snare fluger.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

KirstenRufsetufsaKjell F TislevollTurid Kalvatn SchøyenMarenPiippokattaGodemineingar hTore HalsaSolveigEivind  VaksvikEli HagelundgretemorAnne-Stine Ruud HusevågLaddenLailaTore OlsenToveBjørg Marit TinholtcanisJannaAnniken RøilmarvikkisMaikenCamillaBjørg L.Berit RRavnTone HEllen E. MartolBente NogvaJohn LarsenJulie StensethEgil StangelandGeir SundetBjørg RistvedtTanteMamieHilde H HelsethVannflaskeHarald K