Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 6 av 6 sitater

Redslesong

Eg høyrer at redsla roper
og alt er ein gapande vind
Eg høyrer at redsla roper
der i mitt så splitta sinn

Eg høyrer at redsla klynkar
og ber for sitt skimrande liv
Eg høyrer at redsla klynkar
og feirar som vind i siv

Eg høyrer at redsla blir borte
og lèt att ei opnande dør
Eg høyrer at redsla blir borte
og redsla er der som før

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Dine augo dei opnar mitt hjarta
og seier at livet finst til
Dine augo dei opnar mitt hjarte
og gjer at eg nok ein gong vil

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Møtesong

Dei møttest ein kveld i eit mørker
og såg frå si nagande tru
at dei møttest ein kveld i et mørker
og såg så den andres du

Dei møttest ein kveld i ein lysning
og høyrde kvarandres song,
for dei møttest ein kveld i en lysning
og slik vart det gong på gong

Dei møttest ein kveld føre natta
og mørkret det kviskra og lo
at dei møttest ein kveld føre natta
og brått så var éin blitt to

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Augesong

Dine augo dei får meg attende
frå mørker som svartnar seg fram
Dine augo dei får meg attende
og letnar ei smilande skam

Dine augo dei lyfter fram svevet
og igjen går det an å sjå
Dine augo dei lyfter fram svevet
og dreg meg så ut i sitt blå

Dine augo dei opnar mitt hjarta
og seier at livet finst til
Dine augo dei opnar mitt hjarta
og gjer at eg nok ein gong vil

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vil bort-song

Eg er gammal som eit ròte bord
og andar tungt og sakte
Eg er gammal som ei eiga jord
avd et som ein gong var

Det som finst er det som hende
og snart er ingen att
av alle dei eg kjende
Eg er gammal og vil bort

Eg er gammal og vil bort
til dei eg ein gong kjende
Livet er både langt og kort
Eg er gammal og vil bort

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I meg-song

Og i meg var alltid ei splitting så stor som dag mot natt Og i meg var alltid ei splitting, ho var der og kom alltid att

Og i meg var alltid ei rørsle så stor som dag mot natt Og i meg var alltid ei rørsle, ho var der og kom alltid att

Og i meg var alltid ei smerte så stor som dag mot natt, Og i meg var alltid ei smerte, ho var der og kom alltid att

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Marit HåverstadRune U. FurbergMarianne MAkima MontgomeryChristofer GabrielsenTanteMamiePiippokattaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJBIrakkLilleviKjell PMarit HøvdeFriskusenAnne-Stine Ruud HusevågYvonne JohannesenBjørg RistvedtHarald KBjørg Marit TinholtRufsetufsaReidun Anette AugustinHanneTatiana WesserlingmarithcTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenRune