Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Han er ein stor mann. Og han blir berre større og større.
Ho blir berre mindre og mindre, særlig etter slaget.
Det er som om totalvekta deira er konstant, som om ho kvar dag donerer ein liten del av seg sjølv til han, til ho ein dag er fullstendig borte og han har blitt dei to til saman, han og ho i ein person
...no er Aksel ein vaksen mann, og ho sit framleis på det gamle kjøkkenet, med det gul- og grønmønstrete tapetet som ho valde fordi det stod i stil med kjøkkenskapa, og fordi dette var fargar som ville vere med på å gjere Aksel til eit trygt og harmonisk barn.
Ho høyrer tikkinga frå vegguret som fortel ho at mannen hennar skulle ha vore heime no, vegguret som fekk seg ein kakk ein gong på 70-talet, då Aksel smelte så hardt med stovedøra at det fall ned.
Det viste seg at han ikkje var så trygg og harmonisk som dei hadde håpa på.
Vegguret har slått dobbelt sidan, som for å minne dei om at det finst eit sinne der ute som aldri går bort.