Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Umogleg
Vi sit vende mot
kvarandre
utan å nå
kvarandre.
Det er ikkje noko unikt
men det kjennest
så sterkt
akkurat no.
Auga dine
speglar seg innover
unåelege.
Hjernen din koplar og vekslar
koplar og vekslar, eg ser det,
på feil spor, feil spor, feil feil feil.
Mistankane dine
dekker meg heilt
stimlar over huda mi
overstimlar kvarandre
som seige brusksoppar
på dei morkne stubbane der ute i haustskogen.
Vi lengtar etter kvarandre
som brunstige hundar.
Vi lengtar etter
kvarandre
som pensjonistar lengtar
etter kvarandre si einsemd.
Vi lengtar etter
kvarandre
som etter den første kjærleiken.
Eg kan ingenting seie, ingenting gjere.
Eg prøver: det er spriten, tablettane, hjerneskadane dine
ditt ramma liv.
Eg prøver:
Eg prøver:
Auga dine speglar seg innover
bortover
unåelege.
Umogleg
Vi sit vende mot
kvarandre
utan å nå
kvarandre.
Det er ikkje noko unikt
men det kjennest
så sterkt
akkurat no.