Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 18 sitater

Ein treng to ting her i livet, bruker tante Eir å seie - fart og sjølvtillit.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er ikkje råd å sjå på Gunnvald at han er i slekt med ei pen farmor. Augnebryna hans ser ut som to utslitne tannbørstar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Glimmerdalens vesle dunder, kallar dei henne.

Godt sagt! (3) Varsle Svar
  • Om eg vert forelska nokon gong, sjølv om det tviler eg på at eg vert, så skal eg vertfall seie kraftig i frå, sa Tonje til Gunvald sist dei snakka om dette. - Ja herre Mozart, sa Gunnvald då.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det surklar og dryp i Glimemrdalen no så det er ein fryd. Smeltevatnet fløymer nedover fjellsidene, og Glimmerdalselva buldrar songen sin i djupe, dirrande tonar. Tonje har sovna og vakna til dei tonane heile livet. Elvelyvden er nesten som pusten hennar eller noko anna som berre er der.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

– Forresten så slår du som ei jente, freser han og spring inn på campingplassen med illsinte steg.
– Eg er ei jente! gauler Tonje rasande etter han.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

-Bruker du ofte å slå til folk du møter? Spør Gunnvald.

-Ja...

-Men han gjer det ikkje med vilje, forklarer Bror med krøllene.

-I Glimmerdalen slår vi berre gras, seier Gunvald.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

-Ein treng to ting her i livet, bruker tante Eir å seie.

-Fart og sjølvtillt.

Det syns Tonje er klokt sagt av tante Eir. Ho øver seg på forkjellig som har med fart og sjølvtillt når tantene er i Oslo å studerer.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tonje kan ikkje vite at brørne eigentleg var ute og såg etter nettopp henne. Nei, Tonje kan slett ikkje vite at det ligg ein svirrevipp nede på Hagen Helsecamping og kjempar med gråten fordi han av ein eller annen fortærandes grunn alltid må slåss med folk når han eigenteg meiner å seie «hei» Ho kan heller ikkje vite at det heldigvis ligg ein gut i den andre senga og trøstar og seier at det trass alt var ein kort og høfleg slåsskamp, og at det går opp og ned her i livet, sjølv om det absolutt har gått mest ned den siste tida.

Det er så mykje ein ikkje veit, desverre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Om du ikkje roar deg ned no, så leverer eg deg til resirkulering.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

EvaBeathe SolbergTine SundalBård StøreHanneStig TVannflaskeKirsten LundVibekeGodemineGro-Anita RoenBjørg L.Jane Foss HaugenAnne Berit GrønbechMartinNorahAstrid Terese Bjorland SkjeggerudPiippokattaRuneGro Anita MyrvangHilde H HelsethEllen E. MartolRoger MartinsengretemorAnniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågHeddaMSt. YngheadMorten MüllerVidar KruminsToveRisRosOgKlagingAnn-ElinMorten BolstadEivind  VaksvikHilde Merete GjessingSynnøve H HoelJohn LarsenTove Obrestad WøienReidun Svensli