Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Å, lange tider bar eg på
eit minne om to føtter slike ...
eg hugsar dei med sorg i sinn
kvar draumtung kveld eg sovnar inn
Eg er som skapt for liv i stille
og fredelege landsens kår.
Der klang mi lyre slik eg ville
og kjelder sprang or hugen sår.
I sjela stig det reine tankar
når eg langs tjønna einsam vankar,
og far niente er mi lov.
Frå lega der eg fredfullt sov,
eg ris til fri og sorglaus hygge:
eg les litt, tar meg så ein lur,
med' diktaræra flyr ein tur.
Ja, var det ikkje slik dei trygge
og fredelege åra rann,
då eg i livd mi lykke fann?