Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Men han blei bare 1,73. Lenger i livet kom han ikkje
Mennesket er ikke hva det har, men hva det gjør.
Gjennom visiret kunne eg sjå auga hans. Eg tenkte at det var som å sjå opp i stjernehimmelen og ut i universet. Du visste at det fanst liv der ute ein plass, men du kunne ikkje sjå noko teikn til det.
Om du var tynnare, sa han, ville du ha vore meir verdt å elske?
Nesten kvar natt drømte han at han flaug over Murboligen, og i alle soverom med tente lys venta ei kvinne, og han flaug frå soverom til soverom, inn og ut av Murboligen som ein kåt Karlsson på taket, og han svevde frå rom til rom heilt til alle lys var slokna og Murboligen låg mørklagt og i djup søvn som etter ein multiorgasme, og der han steig opp mot himmelen kunne han høre sukk av djup tilfredshet frå den mørklagt Murboligen.
Eg hugsar noko Morrissey sa om å vere tilfreds. Han sa at det er umulig for eit menneske å vere tilfreds. Du prøver heile livet å bli tilfreds, men du kjem aldri dit, for du legg til sides alt det viktige, du legg alle viktige ting til sides mens du ventar på den dagen i livet ditt som aldri kjem.
Familiar skulle ha vore forbode ved lov, tenkte han
Han var lykkelig gift, men han måtte då få lov til å sjå på andre jenter? Det var ikkje ulovlig var det? Det sto ikkje i nokon lov at det var forbode å kikke på andre jenter, gjorde det? Okei, det sto i Bibelen, der sto det sjølvsagt, du skal ikkje kikke på andre jenter, stod det, men så hadde han aldri trudd på det som sto i Bibelen.
Eg greier ikkje halde ut med han eit par juledagar eingong , og ho har halde ut med han eit heilt liv, ho skulle faen meg hatt kongens fortenestemedalje i gull.
Eg har så mange stygge ord. Mor mi har ingen.