Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 11 sitater

Mors hjarta har byrja å dele seg. Men kvar gong ho går forbi gravstaden til bror min lukkar ho augo. Mor lukkar augo, med eit kors knytt mellom hjarta

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg kom for å elske. Men alle reiste for å ta farvel

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg bad mor om å elske meg. Elsk meg! skreik eg. Mor såg på meg. I dei framande augo hennar såg eg bølgjer som kantra, og ut or den rumlande magen hennar høyrde eg fjell som voks, tre som vart fødde

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bølgjene klorer mot land. Stranda ligg naken. Eg og oda spring over dei rue sandkorna. Vi spring med attlatne auge. Vi spring hand i hand og flyt gjennom landskapet. Ein dag vil eg stanse opp. oda vil springe vidare

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg vil vere vaken åleine akkurat no. Eg vil kunne sjå inn i natta. Låst som eg flyg blant stjernene. At eg skaper kaos der oppe. At eg stuper inn i natta. At eg lagar ein bulk i mørkret

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ei natt drøymer eg om oda. Eg drøymer at vi er vaksne og at vi går langs stranda. Ho tek tak i hendene mine og opnar dei. Så vert ho ståande og sjå på dei lyseraude arra mine. Heilt til ho bøyer seg ned og kyssar dei

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er meg. Den vesle ungen i den gråmåla senga, i det kvite lyset med dei gule gardinene. Mor sitt andlet over meg. Augo fuktige med kvar si stripe av svart maskara nedover kinna. Kva er det ho ser? Ser ho ungen sin? Den vesle spinkle ungen sin? Ungen med det stinkande hjarta? Det rotne vonde hjarta? Kor kjem denne ungen frå? spør ho. Kor kjem du frå? spør ho meg. Ho tek ikkje på meg. Berre stirer. Mellom meg om henne er det berre luft

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg lukkar augo og læst som vi bur ved havet, at hagen utanfor kjøkenet er ei kvit strand. I det mor går frå bordet veltar ho eit glas. Det dett på golvet. Eit dunk. Lyden av eit barnehovud som vert slege mot land

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det kan hende at eg vaknar midt på natta full av sveitte. Det kan hende at eg har drøymt at mor kyssar far varsamt på panna og at far vaknar av skysset. Men av og til drøymer eg at vi bur ved eit hav. At eg reiser meg opp frå senga og går bort til stuevindauga. Og det kan hende at eg ser ut, betraktar bølgjene, lukkar augo. Ser eit barn som rullar fram og tilbake

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg skulle ynskje eg kunne sveve over bølgjene. Vere ein liten båt. Slå meg til ro midt ute på havet. Kaste eit garn for å ha noko å ete. Liggje på ryggen, plukke ned skyer og sende dei av stad. Eg skulle ynskje eg kunne vere ein vind som snur tida tilbake. Eller kanskje vere ei stjerne. Kunne vakne om natta. Kunne lene meg ut or mørkret

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

BertyJulie StensethKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHanne Kvernmo RyeHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandi