Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 4 av 4 sitater

markeringar

stabbesteinen
står støtt, markerer
ei grense
han har større tolmod
enn eg

pila
fyk fort, markerer
ei retning
ho har klarare mål
enn eg

eg
vil ikkje
vere ein stabbestein
alltid stå i ro
vil ikkje
vere ei pil
alltid vite vegen

dette er mine
markeringar

Godt sagt! (3) Varsle Svar

KVIT FJØR

den kvite fjøra i handa
kan vinden blåse
vekk

minnet
om den kvite fjøra i handa
kan ikkje vinden
blåse vekk

Godt sagt! (5) Varsle Svar

BÆRET

det raude bæret
som ikkje er til å plukke

det raude bæret
som ikkje er til å ete

det raude bæret
som ikkje smakar søtt

dét bæret
vil augene sjå
vil munnen røre ved
ein gong
til

Godt sagt! (4) Varsle Svar

MEN LENGSELEN

handa di var her
munnen din var her
kinnet ditt var her
blikket ditt var her
mørket ditt var her
stemma di var her
kroppen din var her

men lengselen din
hadde du klipt i småbitar
og kasta til vinden

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Carine OlsrødNtotheaAnniken RøilEster SHeidiEirin EftevandReadninggirl30Bjørg RistvedtAnne-Stine Ruud HusevågMarenHilde H HelsethBård StøreDemeterPiippokattaIreneleserLilleviHarald KAnitaKirsten LundNicolai Alexander StyveLesevimsaNinaEivind  VaksvikBritt ElinEgil StangelandAlice NordliPer Åge SerigstadsiljehusmorLene Nordahlingar hTone Maria JonassenSigrid Blytt TøsdalLars Johann MiljeAnita NessBeathe SolbergBerit RAnn ChristinSynnøve H HoelCamillaMarit Aamdal