Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

Det trengst so lita minning

Det trengst so lita minning; berre skuggen
av einkvan verdlaus slumpehøves ting,
ein tuvetopp som lyfter grasstraa-luggen,
eit fly som svirrar tankelaust ikring
ber løyndarbod igjenom kvardagsgruggen,
skyv sanseportann upp med runering,
og sjæla vaknar brureglad or blunder
i morgonsol og daam av skapings-under.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og elva lyfter stillt si store lunge
og sullar dalen inn i draumeland.
Men full av livsens raude makt, den unge,
bryt slaatten natta med sitt bragleband;
i djupe hjartekvelvar rullar tunge
og varme sælesjøar yver strand.
Ei draume-æve gjenom dalen andar
og gudedrykk i livsens bikar blandar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No reiser kvelden seg i vesterbrun,
han trør paa lette føter gjennom tun
og skuggevegen fjell imillom hengjer.
Det gjeng ei kviskring gjennom kjørr og lyng,
og talatrasten skifter ljod og syng
med avdagsskjelven under sine strenger.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethTine SundalHarald KMads Leonard Holvikella76marvikkisNina M. Haugan FinnsonYvonne JohannesenAnniken BjørneslittymseOdd HebækKirsten LundGrete AmundsenAnne Berit GrønbechBjørg L.Hilde H HelsethLailaReadninggirl30mgeBirkaNadira SunsetIngeborg GCatrine Olsen ArnesenÅsmund ÅdnøyHelen SkogEllen E. MartolEgil StangelandBjørn SturødTanteMamieJ FIngvild SOlePiippokattaGroTone SundlandAvaIreneleserBertyKjell F TislevollChristoffer