Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
I sensommerlyset
over siste kveld ved havet
i avklaret lys
over mitt utsatte liv
går jeg igjen i sanden
og lytter til uret i havet
som tikker med en større tid
enn min
Karin Boye
Visst gjer det vondt
å møte livet utan panser
og utan våpen. Lufta skjelv
av usynlege spyd.
Som Siegfried var du usårleg
i alt så nær som
eit einaste punkt:
ditt hjarta. Der
fekk du banesår. Bøygd
lik eit dådyr i dødskamp
gjekk du i motvind
song
og forsvann.
Franz Kafka
Eit hus i strid med seg sjølv:
porten alltid ulåst aldri open
vindauge med gitter utan lys
skrivebord med tomme protokollar
mørkeloft med spindelvev og dom
ein kjellar full av sleipe labyrintar
ei vindeltrapp av rekkverk og begjær
ein sal som lukter nederlag og såpe
ei klokke utan visar og slår
eit hus ein by ei einsemd midt i verda
Ett er nødvendig
Etter som bølgene splintret
bevisshetens speilflate
og spredte seg langsomt
som ringer i blodet,
begynte alle bilder å
tape sin påtrengende
tydelighet. Da var det
han visste at ett er
nødvendig: hennes hånd.
Og synkende holdt han
hjertet over vannet
i døgn etter smertedøgn
til havet lukket seg
over hans høye liv.
Her er ein krossveg, her
må du velje ditt liv
og gå den veg som vart din
gå vidare i den eine
eller den andre retning, våge
å vedstå deg valet, nå
er det tid for å inngå
eit verkeleg livsvarig
kjærleiksforhold:
Elsk din skjebne!
Vandring
Med vårt blods urolege eldroser
og jordfarga lenker om foten
vandrar vi på viddene
kliv vi mot tindar
kvitare enn snø