Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
du rir på din kamel
og eg rir på min
livet på kamelryggen går opp
og ned
opp igjen
ned igjen
gjennom støvet smiler
vi til kvarandre
i utakt
IKKJE
svaner danser ikkje ballett
dei nappar frosk i sivet
froskar syng ikkje serenader
dei legg seg på botnen
og drøymer om jenter
som ikkje kyssar froskar
men plukkar gule siv
før dei stuper uti
og sym tvers over