Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 11 sitater

Det kunne vere like greitt å vere uorganisert som å vere organisert saman med sau

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ferja slepper seg laus frå kaia på Eikøy, og lanternene lagar ei lomme av lys som flytter seg bortover fjorden med ferja inni. I salongen under dekk er motorduren grodd saman med båten, den sit i veggene den dirringa, eller skranglinga i ein kaffekopp som står skeivt på ei skål på eit bord.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

For han som skriv forblir kvelden ute i mørkret. Han heng over skrivemaskinen og synest han heng over ripa på ein båt, og kjenner blysøkket på fiskereiskapen ta botnen langt der nede. Han kjenner taumen bli vissen i handa, han haler kvelden inn til ein vase på botnen av båten, han blir sittande bøygd for å få flokane frå kvarandre heile natta, heilt til morgonen kjem og han forstår: Eg må reise. Han tar kofferten ned frå skapet og drosje til Fornebu flyplass. Der står flyet til Molde på rullebanen, men blir forseinka på grunn av gråvêret (...).

Godt sagt! (2) Varsle Svar

det sit ein og skriv i Oslo, han skrur av regnet før lærarinne Henriette Brunberg skal gå heim, men slepper stormbygene forbi Skogmanns hus, kastar dei forbi kaiene på Eikøy, til klokka blir tre, og Henriette reiser seg og seier: Takk skal du ha, Skogmann.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

og han som skriv, reknar ut ein billettpris for dei tjue minutta overfarten tar, den går frå Ramvik til Vindøy og frå Vindøy til Landøy og frå Landøy til Eikøy og frå Eikøy tilbake til Ramvik, heile dagen, med ferjemannskapet på to skift, slik det er to skift i kaféen. Han reknar ut prisen på ein kopp kaffi dersom meirverdiavgifta blir innført. Han følgjer kjøkkenpersonalet som får inn ferske brødvarer med bussen frå byen, og skundar seg med å fylle opp i glasdiske før kundane kjem. Og kanskje må han skrive eit brev til fylkesskattesjefen i Molde om dårlege tider for næringa, kvar skal folk gjere av seg da, dersom kaféen blir nedlagd, når dei kjem med ferja eller skal med bussen? Sitte på venterommet?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det skulle alltid vere bare dei. Når det ikkje er dei lenger, er det ingen

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er ingen som ventar på henne nokon stad, utenom han som ho har reist frå

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Han prøver å innrette seg. Han prøver å få interesser igjen. Han tar til å lese skrifter og utgreiingar om den sektoren han arbeider på. Han kjøper bøker tilmed. Og han går på Ramvik bibliotek i fjerde etasje på Storkorset før ferja går heim om ettermiddagen. Men han veit ikkje kva han skal ta med, for han er ikkje ute etter noko anna enn eit eller anna! noko å halde på med.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Han høyrer det smell enda ein gong utanpå øya, golvplankane søkk umerkeleg under han med det same, og kona spør på ny: - Kva er det? - Det er forskning, seier han

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Han får ei stol sett fram da han kjem inn og seier: - Eg ville gjerne sjå om det er fleire bøker i boksamlinga som eg ikkje har lese.

  • Det er så mykje skrap og ugudelegheit, at eg skjemst for å låne ut. Den gamle skjelvande kjerringa sit i stolen ved ovnen og strikkar. Eg burde seie frå meg heile folkeboksamlinga! Men bøkene blir jo lånt ut i alle fall...
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

MarteAmanda ABerit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie Uvaag