Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 8 av 8 sitater

Du kan aldri vita deg trygg for kvinnfolktunga, har dei sagt.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Skogen stod still og visste ikkje om nokon ting, ikkje eingong om sommarkvelden ikring seg. Telefontrådane ja, dei song og vitna, vitna og song, for natta og for ingenting, ja kva var det vi sa dei vitna om? Om ei meining i tilværet, ville einkvan fortele deg, om ei meining så djup at meiningsløysa er ikkje halvparten så umulig. Også er det meiningsløysa som heng der og syng. Det er forresten inni oss ho heng, men songen blir den same for det.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Tida går, forteler dei. Men det er vi som går. Tida blir liggande att ho, og lat henne ligge.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Mennesket lever for ettermælet sitt, og mennesket døyr for ettermælet sitt, og når det er gjort, kva da? Da har det same mennesket ikkje bruk for ettermælet sitt!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Å, mennesket er mykje bedre enn det har ord på seg for...

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Der vart han liggande til det var slutt med han. Ein vêrsliten og draumlaus mann: Han hadde sett det livet kunne syne han, og litt til. Over andletet hadde der fare mang ei frostnatt, kunne dei sjå; og enda var der som ein liten smil av kveldsol over det, dei visste ikkje rettare å seie det, og den synte seg meir dess lenger det leid med han.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kjærleiken tåler alt, forteler dei. Alt som han ikkje ser ja. Og han er steinblind og stokkdøv, det er alt eg veit om den ting.

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Ingenting i verda var meir levande enn eit lik. Det låg der. Han hørte kor det låg der.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineStig THilde Merete GjessingHilde VrangsagenMarit HøvdeInger-LiseIreneleserG LIngunn STerje MathisenCarine OlsrødAneKorianderBjørg L.Julie StensethKarin BergPi_MesonJarmo LarsenTatiana WesserlingHarald KRuneFride LindsethVidar RingstrømPiippokattaCathrine PedersenBjørg Marit TinholtRisRosOgKlagingIngeborg GBerretMariaBookiac