Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 2 av 2 sitater

Tale ved båra til ein vestlandssmåbonde

Far verka oftast glad.
Derfor burde eg ikkje stå her å gråte.
Eg hugsar kalde vintermorgnar då vi var små
at vi høyrede han synge medan han kveikte i omnen
så kunne vi stå opp.
Han kunne ikkje synge, men han sang.

Han hadde aldri ferie.
Arbeidsdag frå tidlige morgon
til langt på natt.
Sovna ofte over avisen før han la seg.

Det var for oss han streva,
men vi reiste bort. Slik måtte det vere.
Det er ikkje levebrød for oss i Hjørundfjorden.

Vi kom på avstand i samtalar også.
Skolane la ord og tankar i oss
som ikkje høyrde dalen til.
Vi gløymde namn på fe-rasar og potetslag,
kunne ikkje styra dei nye maskinene.

Han song ikkje so ofte etter at vi reiste.
Det er for seint å takke.
Eg vil berre legge kransen på båra
fra oss tretti.
Fem barn med ektefeller og tjuge barnebarn.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg ville kjærteikne
men då eg la hendene mine
over panna og auga til den eg elska
blinda eg han.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

Helge-Mikal HartvedtKirsten LundHarald KRune U. FurbergLilleviIngunn SBjørn SturødCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarte