Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Grønt trekker kvelden om
seg, skuggen held
henne fast
under forholdsvis
høge tre.
Alt det blå,
som stuper ned
frå høge dagar
og går i berg.
Det grøne i lett rørsle
over skogen, åkrane mørknar
og lyer og fuglane veit,
ut på sommaren
får sjøen ein klår forstand,
stansar på djupt vatn.