Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Dei byrjar å hugse ting når dei får sjå dei. Der er DEI STORE STEINANE. Der er DAMMEN med PADDENE. Men dammen er nesten gjengrodd av siv og gras, og ingen passer er å sjå. Dessutan er dei ikkje sikre på om dei ville ha snakka med paddene. EIN VEIT ALDRI MED PADDER. Dei berre sit der og ser på ein, og så flirer dei brått og spyttar. Det er ei kjent sak at tøyer og padder aldri har gått heilt bra saman.
Det farlege er overalt, og det kjem når det kjem. Og når det ikkje kjem, så er det fordi det er nokon andre som har møtt på det.