Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 13 sitater

Mot slutten
Det går mot slutten av boka og du merkar korleis du prøver å bremse, lese saktare, tenkje over kvar setning, nyte kvart ord nokre sekund lenger, du går stadig oftare og skjenker deg kaffi og vin og kveiker stadig ein ekstra sigarett. Men boka går likevel mot slutten, og sjølv om du veit du kan lese ho ein gong til, så tvingar tanken seg på deg, tanken på alle dagane som skal setje seg på deg, dagar utan vind, utan skogar, byar, kvinner, hav og skilpadder, alle dei dagane som du må hamle opp med heilt på eiga hand og ikkje ein kjeft til å hjelpe deg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Reise
Vi må kanskje ut og reise.Det kan snart bli for seint å reise, så vi må kanskje dra no. Europa ligg stille, katedralane er nesten gøymde av morgonskodde og du stryk meg over ryggen i det vi går.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bokhaust
Bøkene blir gule og ramlar ned frå hyllene.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kaptein Margalos 8. reise
V. Ikkje la seg overraske. Ikkje av nokon. Ikkje av at ein ikkje lar seg overraske lenger. Og lar ein seg overraske: Late som ingenting.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg går fortare og fortare, men ho er stadig etter meg og trakkar meg i hælane og snart er vil langt framfor 17. mai-toget som berre er ein fjern dur, og vi er inne i skogen, der bjørnane glir mellom trestammene. Der pressar ho meg ned i bakken slik at kornett og klarinett fer til pises. Ho held meg heilt fast og ser meg spottande inn i augene, eg kjenner kroppen hennar mot heile min og eg forstår at det er ikkje nødvendigvis hornmusikken i seg sjølv som er problemet, men alt det den fører med seg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg trur nok det begynte med at eg skreiv i minneboka hennar, eit dikt av Zacharias Topelius som eg trur begynner slik: Du er vårens barn, du perle, du kjære lille venn...
Det var no også noko å skrive i ei minnebok. Kunne eg ikkje ha nøyd meg med Tre ord til deg, gløym ikkje meg, slik som andre folk. Neidå, eg måtte gjere noko spesielt. No har eg vel berre meg sjølv å takke.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg har to linjalar, ein raud og ein grøn. Eg stikk ein inn i kvart nasebor og snur meg mot jentene. Ler dei no, så har eg vunne.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg går min veg. Det er mange dumme folk i verda. Men når eg blir vaksen skal eg skrive bøker. Då skal eg skrive om dei alle saman og så får vi sjå kva dei seier då.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Overleving

Tanken at det kunne gå ein månad, ja eit år! før han såg henne att var uuthaldeleg. Det gjekk ikkje an å tenkje. Då gjekk det ikkje an å leve.
No er det snart 20 år sidan han såg henne og han har altså overlevd.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sigar

Det tar fyr i barten min endå ein gong og eg spring det eg orkar ned til fjorden.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Carine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleKirsten LundBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne Jensen