Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Det hendene vil
Ingen kan tolke
den ordlause kvide,
når han med dei krøkte fingrar
han med dei skjelvande,
utslitne hender
blir skuva til side.
Gagnlaus han står der.
Eit turka tre
med sprikande greiner.
Han er ikkje lenger
rekna med.
Tung kjennest den pine
når stundi er komi
då ingen har bruk
for hendene dine.
Heller du ynskte
du aldri var til
um den dag skulle koma
at du ikkje lenger
kan makte å gjera
det hendene vil.
Den dagen
Um all ting laga seg
slik som du ville,
det kunne aldri
all di lengsle stille.
Ei lengt mot det
som ikkje er å nå-
Den dagen
då di leitings uro
og di lengsle stilnar,
vil livet døy
og hjarta slutte slå.
Utan deg
Utan at du
vil og veit det,
er du med
i alt eg gjer.
Utan deg
eg ville ikkje
vera det
og den eg er.
Utan deg
eg kunne ikkje
løyse det
som innestengt
ligg og lever
djupt i hugen,
spunne inn
og unna-trengt.
Trass i alder
år og avstand,
er du no
og alltid nær.
Fylgjer med
til vegen endar
og eg ikkje
lenger er.
Tungt glid båten
Tungt glid båten. Fylt av draumar,
over opne, vide hav.
Møter brot og understraumar
som vil søkkje han i kav.
Himlen myrknar. Stormen vaknar
just som soli klårast skein.
Draumane glid over ripa
ned i kavet, ein og ein.
Makteslaus eg sit og ser
mine draumars drukningsdaude.
Men igjenom alt som skjer,
skal det endå ikkje naude:
Her er att ein einsleg draum
som eg fylltrygg veit ska leva
gjenom bylgjebrot og straum.
Draumen som har rot i æva.