Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Raad til fattige husmødre
Kast aldri en tørr brødskorpe.
Kast aldrig den mindste fleskesvor.
Naar sæbestykket blir bare en smule, saa læg det paa en flaske og hell litt vand paa. Fyld paa vand for hver ny smule. Ryst flasken av og til. Dette kan du bruge til haandvask og smaavask.
Kast aldrig en farvet garnstump. Du kan karde stumpene og blande dem i ulden, til lyst, farvet garn.
Kast ikke udslitte silkestrømper. Klipp dem opp i remser, strækk og nøst dem. De kan hekles til sengeforlæggere eller lignende.
Kast aldrig tøilapper. De som er for smaa til at veves, kan bruges i lappeteknik eller lurveryer.
Eg veit ikkje når myra er finast å sjå på. Jonsokleite når myrulla er som eit snødrev rundt den gamle størløa. Når porsen står med små, raude kongler - eller om hausten når skinntrytelyngen glør og dvergbjørka har fått gullfargen. Myrgraset rundt tjernet er som gull det også, og er himlen blå, så er tjernet endå blåare.
Det er noe merkeleg med menn. Dei slår i spikaren om det er i blinde, dei kan sykle i mørke, dei treng berre å sjå ein maskin som har slegi seg vrang, så er maskina i orden med ein gong. Og lommelykter som ein annen går opprådd med - han berre tittar litt i stellet, så er løkta i orden.
Det er ein ting eg ikkje skjøner: At dei ikkje kjenner sin eigen styrke? Rivskafta ryk, og rivetinnane spruter kring dei. Sjølv om dei ikkje er så vane med kvinnfolkreiskap, så skulle dei vel kjenne at dei tek i for hardt, men det gjer dei ikkje!