Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
eg kan kjenna
handflata di
kor ho trykkjer
mot mi
kor du er langt
langt borte
og nær
du rørte ved
noko i meg
nådde dei
dirrande strengar
av ufødd liv
naken
lengtande opna eg
mine dører for
ein vikande draum
ropande og såra
enno ikkje mogen
ta i mot meg
mot natt
når eg sprengjest
og strekkjer mitt
namlause rop
mot di einsemd
min kjære
Age for stengslene
mellom oss
for stilla og
ord
open for straumane
ingen veit namn på
At vi høyrar
saman
Også dråpen
kjenner seg einsam
før han møter
havet
og blir eitt