Så strålande galen er denne verda, at når lykka vår sjuknar, - ofte fordi ho har forete seg på våre eigne bragder, - legg vi skulda på sol, måne og stjerne. Skulle tru vi var tvinga til skurkeskap, dårar av himmelsk påbod, slaur, tjuvar og svikarar fordi stjernene på førehand hadde gjort det slik, fyllesvin, løgnarar og horebukkar fordi planetane hadde ei stilling som dreiv oss til det. Og alt vondt i oss skulle ha ei guddomleg årsak! Eit storarta påfunn av mannen, den horebukken, å gi ei stjerne skulda for kåtskapen sin! Far min kom i hop med mor mi under svansen på Draken, og eg kom til verda under Storebjørn. Slik har det seg at eg er rå og ryggeslaus. Tøv! Eg hadde vore den eg er, om så den mest jomfruelege stjerne på firmamentet blinka da lausungen vart til.

Edmund, første akt, scene 2

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Silje-Vera Wiik ValeHanneEllen E. MartolKirsten LundHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryHarald KrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  Jensen