Her står me framfor den store grunnskaden som sermerkjer notidskulturen: den falske, fatige natursyna hjå notidsmennesket. Livet sitt liver det i ei daud, sjællaus verd, og er fatigare enn manna-ætta noko sinne har vore. For ho har mist trua på grunnsanninga: livet i heile tilværet. Kvar ser berre eitt liv: sitt eige; men utan den rette samanheng med alt anna liv i den store livsringen. Ungane står med si barnslege tru sanninga nærare enn dei vaksne. Federne som trudde på skogsåndene og varde seg mot dei på ymis vis; som budde i lag med hulder, haugfolk og troll, nisse, nykk og draug, dei åtte i dette ein umissande rikdom. Det ligg i all denne trua ei ålvorleg religiøs kjensla og ein djup menneskjeleg livsvisdom. Men hovudsaka er at det er sant. Det var der alt dette livet, og er der framleides. Dei gamle gav det sine namn, i dag har det andre namn. Det ætta trong var frigjering frå rædsla for desse løynde maktene som ho ikkje rådde med, men på ein slik måte at ho fekk berga si tru på livet i tilværet.