Ein vinter var eg på talarferd i ein fjelldal, og lærde der kjenna lærar Steinsson. I ein avsides, fager fjelldal, heimbygda si, har han slege seg til, denne trauste, gåverike læraren; i ein skule med ring klasseskipnad og lågmål av lærarløn. Ei vanleg peisestova er skulehus, med kjøken og kammers som ei onnor bondestova. Og arbeidet i skulestova knyter seg til bygdelivet, i stil med denne ytre råma. Fyre småborna byrjar på skulen, ruslar Steinsson rundt i heimane og ser til at dei lærer lesa. Han ven dei til å spara, bli glade i bygda og heimekulturen. Ein far har han vore for store og små. Ein ny gard har han bygt, eit bygdemuseum har han samla, alt på eigen kostnad; sjælelivet i bygda har han odla, so no vaker det over sin kultur, og det naturgjevne grunnlaget åt denne: jorda, skogen, fjellet, vatna; det er ikkje til sals for gull, kor mange framande som veiftar med setlane; bygda og bygdelivet eig det og skal i all framtid råda over det. Her er dei herrefolket, adelen; der dei framande får finna seg i å vera velkomne gjester.