Kjenner du våren i skogane i nord? Det er der det er vår. Enda han kjem ikkje med brask og bram, han smyg på tå som ein lørdagsfriar. Han kviskrer stilt og smeikande og kakker lint på ruta. Han ber berre om ein liten prat gjennom dørsprekken. Men han banker snart sterkare, noe snur på seg og puster søvntungt der inne. Og våren blir meir og meir høgmælt, han nynner, plystrer, syng - til slutt knasar han ruta, stormer inn og tek henne i fang. Henne - skogens vaknande jord. Han er strid og mjuk, han er overmodig og vill og glad, og samstundes græt han saman med henne tårer av lengt og letting. Jorda blir varm i fangtaket hans. Og livet bobler, i strupen på orrhanen som danser med raue bryn, i tiuren med det frodande og knepprande nebbet, i brestande knoppar og susande sava, i det englekvite mylder av kvitveis og i hestehovens overmodige solfarge. Bån skulle komma til om våren. Alle bån skulle bli fødde til stigande verme og veksande lys.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Tine SundalEli Hagelundritaolineingar hKarin BergLars Johann MiljeJarmo LarsenBjørg  FrøysaaEllen E. MartolPer Åge SerigstadSilje-Vera Wiik ValeCecilie69Amanda AKjersti SK. H.Heidi HoltanLailaBrit HonningsvågHarald AndersenRuneEvaBookiacLesevimsaLisbeth Kingsrud KvistenPirelliNorahPiippokattaTurid KjendlieIna Elisabeth Bøgh VigreMonika SvarstadAnneTorill RevheimIngunn SBeathe SolbergKirsten LundGrofornixHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBenedikte