Du må aldri gjere deg gild over føremoner som ikkje er dine eigne. Dersom ein hest briska seg og sa: er eg ikkje ven? så fikk det no endå vera. Men når du spanskar deg og seier: det er ein fin hest eg har! så må du vita at det er hesten si dygd du er kry av. Har du då ingen ting for deg sjølv? Jau, evna til å bruka førestellingane rett. Når du gjer rett etter naturen i det stykket, då kan du vera byrg. For då er du byrg av noko som er ditt eige.