Å veggur! Strenge Gud, så kjenslelaus i livet,

som med din finger peikar trugande: "Hugs på"

Dei tunge Sorger i di skræmde hjartekrå

vil snart stå dirrande som piler i ei skive.

Den lyse Gleda imot horisonten glid

som ei sylfide når ho dansar etter lyden,

kvar augneblink forsluken tar sin del av fryden

forunt kvar mann på jord med tilmålt tid.

Tre tusen seks hundre gonger gjennom timeglaset

rår Sekundet: Ikkje gløym! - Ver rask, med røysta bar

som insektsumming, tikkar Nået: Ég er det som Var,

og eg saug blodet or deg med min skitne nase!

Remember, du din sløsar! Esto memor! Hugs på!

(Mi strupe av metall kan meistre alle måla.)

Minutta, dumme dåre, med dei gøymde mudderhola

har edle årer du kan hente gull ifrå.

Hugs på at Tida grådig sigrar under spelet

og utan fusking vinn kvar gong, i alle trekk!

Og dagen svinn og natta veks, å hugs med skrekk,

mens timeglaset minkar, tørstar gjelet!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Fride LindsethTurid KjendlieAnniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenHarald KVibekeEster STore HalsaKirsten LundBjørn SturødCecilie69Per LundSverreTine SundalJane Foss HaugenRandiAMartesiljehusmorEli HagelundAlexandra Maria Gressum-KemppiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterTanteMamieStig TTone HAud Merete RambølSynnøve H HoelBenedikteIna Elisabeth Bøgh VigreBente NogvaGrete AastorpJulie StensethLene AndresenNinaEllen E. MartolElin SkjerengTatiana WesserlingKarin BergKari Fredriksen