Når eg møtte far på sjukeheimen, var det som den faren eg alltid hadde kjent. Sjølvsagt hadde eg ulike bilete av han i ulike tider; barndommens trygge tillit, ungdommens opposisjon, vaksenlivets refleksjon av kva ein vil overta, og kva ein vil revidera i farsarven, og i hans aldersom: ei veksande forståing av at vår generasjon no måtte ta oss av han, og ikkje han av oss. Det siste slår merkeleg seint inn hos vaksne menneske; vi held fram med å vera born som ventar omsorg, sjølv når foreldra er både velvaksne og gamle, og det tok meg lang tid å sjå at styrkeforholdet hadde endra seg.No var det han som trong oss, meir enn omvendt. Det er noko tregt i menneskelege relasjonar, vi held heile tida fast ved fortida.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tore HalsaHarald AndersenPiippokattaSt. YngheadStine SevilhaugVannflaskeBerit RElin Katrine NilssenCathrine PedersenHelenesiljehusmorHildNina J.B.KristineTorill RevheimBruno BilliaertRandiAHildaGladleserKjerstiMargrethe  HaugenStein KippersundTonje SivertsenReidun SvensliLeseaaseHilde Merete GjessingNicolai Alexander StyveIngebjørgBertyKirsten LundJulie StensethRisRosOgKlagingmarvikkisLilleviSvein Erik Francke-EnersenBjørg L.Ellen E. MartolKaren PatriciaTanteMamieAnniken Røil