Barnet ser ordet kome, stort
og grønt som eit eple
barnet prøver ordet
saftig og rundt og herlig
i munnen, den uprøvde munnen
full av grøn lyd
barnet bit eit stykke
av det svulmande språket
og stig ut av seg sjølv
talande i ein verden
farga grøn av ord og meining