Alt var utan fargar, og han kraup fram frå det grå bordet, langs den grå sofaen, og over det grå golvteppet mot den grå gangdøra. I gangen fant han dei grå skorne sine, den grå dongerijakka, den gråstripete hua og dei grå polvottane med den grå refleksstripa skrått over. Og til sist det gråspragla lange skjerfet som han surra to gonger om halsen, og som likevel stakk ut under den korte grå dongerijakka og dekka det grå skrittet hans. Han kava mot den grå utgangsdøra, pressa den grå dørtrykkerten, og kom seg ut blant dei grå husa på Egne Hjem. Mens han sjangla innover i den grå snøen, blei han forbikjørt av ei rekke grå bilar. Framfor seg skimta han dei grå lysa frå smelteverket. Han visste at han var fortapt. Han ville aldri meir koma til å kunne reisa seg. Han var Lost in Legoland. Og det var berre ein ting han ville. Han ville døy.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Jarmo LarsenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer Smedaas