Det var uhugleg så lett dette, sa ho seg da ho tok øksa og gjekk. Korles det no går eller ikkje, han Håkon er uskyldig i det; det vart ikkje han, san. Ligg i fred! No har verda vorte fri deg. Det kom sju år for seint.
Og no snødde det. Snøen kom veltande ned, han vilde gjømme all jorda. Ho var ikkje usams med han i det.