Dei dreg ikkje, dei ventar. Dei kjem ikkje laus. Uskjønleg ris isbygget over dei, har makt, kverv med toppane sine oppe i mørkret og vinterdraget. Som ferdig til å stå i uendelege tider - men tida er tvertimot forvillande stutt, det stuper ein dag når flaumane går. I natt held det mennene fast. Dei blir her lenger enn dei har lov til i det ærend dei er.