Der mor mi og mor di kom ifrå hadde ei husmor krav på anerkjenning når ho heldt det fint i huset, og mykje av sjølvrespekten stod og fall på at ektefelle og naboar og andre viste ei slik anerkjenning. Når mamma hadde vaska, for eksempel, sette ho aldri nalen og bøtta og vaskefilla tilbake i skapet der det skulle stå, ho stilte alltid nalen opp mot vegge i entreen, plasserte bøtta ved sia av og hengte den fuktige vaskefilla over kanten, og der vart det ståande til neste dag, slik at alle som kom innom skulle hugse på å kommentere den friske lukta av grønsåpe eller seie andre ting som anerkjente mamma som eit pliktoppfyllande og hardtarbeidane kvinnfolk.

Godt sagt! (8) Varsle

Viser 2 svar.

Og snart kommer nummer to. Jeg gleder meg som en liten unge:) Tiller er fantastisk!

Godt sagt! (1) Varsle

Tiller er herleg! Også skriv han på nynorsk attpåtil = fantastisk!

Godt sagt! (2) Varsle

Sist sett

Morten BolstadmarvikkisLaddenMads Leonard HolvikEivind  VaksvikTove Obrestad WøienMarie HolterKirstenRavnStig TKjell F TislevollAnneWangBjørg L.SolNina SolåsTine SundalSigrid NygaardHarald KHildeE .DemeterelmeGodemineTonePiippokattaDagfinn JakobsenToveChristofferTatiana WesserlingGeir SundetKaramasov11Julie StensethDaffy EnglundReidun SvensliHelena EgretemorAnne Berit GrønbechEvaAnniken RøilIngeborg GTone H