Faren: Dette er opphavet og abc-a til alle gode ting. Men liksom ein av abc-a lærer å gjere seg kjend med alle bøker, så er det di betre di fleire kunnskapar som følgjer dette opphavet. For av kunnskapen blir mannen vis, kva måte han sidan vil leve på, anten han vil vere kongsmann eller bonde eller kjøpmann.