Og om me går ut frå det som folk i byane no for tida trur, at lukka ligg i det å få kjøpt så mykje i butikkane og varehusa at mennesket vert utan eigendom inne i seg, at lukka ligg i å vera fri til å velja seg alt det som fell ein inn i livet, som om verda skulle vera ein altfemnande restaurant, er ikkje det ein dom over alle tidlegare generasjonar som ikkje fekk leva slik? Og er då lukke og livsinnhald noko sprettande nytt som byfolket i vår tid har funne opp, og alt framfare liv her til lands og i røynda storparten av alt liv gjennom tidene, utan meining og lukke?